Natur er kos å ta bilete av då
Det øverste i siste posten. Den vegen. Det likte eg utruleg godt. Likte bevegelsen i bilete med dei to strekane som går inn i tåken. Får litt sånn rar kjensle av det, på ein måte. Vanskeleg å forklare. Men eg likte det i alle fall svært godt
Og eg likte eigentleg bileta dine godt. Det er veldig fine motiv og sånn. Synd dårleg mobiltelefonkvalitet (eg har rett, sant?) på nokon av bileta har øydelagd litt, så er motiva gode. Sjølv om du ikkje ser det så godt at det er mobilkvalitet på det med vegen, det eg nemnte over. Og det ser du godt på bileta med hunden og i det innlegget der. Spesielt lysa. Kunne gjerne ha tenkt meg å hatt det bilete litt mørkare, altså ein kortare lukkartid. Men det var bra slik som no óg^^
Ehm... Ja, no snakka eg meg vekk. Du er flink med å finne motiv, og eg likar motiva dine
Fortsett å ta bilete, for du er god