Side 1 av 5

Lykketrollet og dets "kunst"

InnleggSkrevet: 17 Feb 2009 03:10
Janey I Johnson
Yeah, har hatt ein responstråd, eller to, før, og tenkte eg likesågodt kunne få meg ein ny her. Eg er ikkje überflink, og jobbar IKKJE på kommando. Eg jobbar på gøy. Pasta.

Konstruktiv kritikk, versåsnill?:D
Eg redigerer som regel bilete eg finn på dA.

Bilde
Gah, vart ikkje Pam, jo.
Orginal: http://fc94.deviantart.com/fs23/f/2008/ ... i_miau.jpg

Yeah, alt så langt.

Re: Lykketrollet og dets "kunst"

InnleggSkrevet: 17 Feb 2009 03:32
Pam Channing
POSITIVT
o1 Den hvite bakgrunnen. Første gangen jeg så det bildet trodde jeg den var uten bakgrunn, men så oppdaget jeg da jeg så på orginalen at den faktisk hadde noe annet en hvitt som bakgrunn. Her har du vært KJEMPE flink med å fjerne bakgrunnen.
o2 Den hvite bakgrunnen...igjen! Jeg ELSKER den. Bildet ser mye lysere, penere og renere ut med den bakgrunnen. Resultatet ble pure gold.
o3. Skjønnhetsflekken. Jeg hadde aldri trodd det hadde vært en skjønnhetsflekk på det ansiktet om jeg ikke hadde sett på orginalen. Det ser ut som om den flekken aldri i sitt liv har funnet sted på det kinnet. Du er UTROLIG flink med healing spot verktøyet.
o4. Redigeringen i seg selv. Jeg har tre ord; fantastisk, vidunderlig og amazing.

NEGATIVT
Selv om vi alle vet at VANDI trenger å forminske de gigantiske silikonbrystene sine, så trengte du ikke å gi halve massen til meg... xD

Re: Lykketrollet og dets "kunst"

InnleggSkrevet: 17 Feb 2009 03:34
Janey I Johnson
Vandi, Channing, ikkje SÅ stor forskjell, er det?

Sjølv er eg ikkje nøgd, men ettersom eg brukte 3 minutter på det så er det ikkje så ille, liksom^^

EDIT: Andre ting btw: http://62.92.31.69/~helulv28 Sjølvsagt laga layouten og koda drittet sjølv :D

Re: Lykketrollet og dets "kunst"

InnleggSkrevet: 17 Feb 2009 10:08
Toril C Jones
Så fantastisk fint :D Pam har definitivt rett i det ho seier^^

Og bloggen din er überfantastisk søt! :D

Re: Lykketrollet og dets "kunst"

InnleggSkrevet: 17 Feb 2009 14:58
Southa M. Evethlee
Jeg digger bildet av Channing. Det jeg synes var/er godt gjort, var å få henne til å se litt blidere ut enn jenta på originalbildet! Det ser helt realistisk ut. Du er kjempeflink.

Re: Lykketrollet og dets "kunst"

InnleggSkrevet: 24 Feb 2009 01:05
Janey I Johnson
Bilde
Nesten ikkje gjort noko på den.

Orginal:
http://fc96.deviantart.com/fs28/i/2008/ ... N_tiKa.jpg

Re: Lykketrollet og dets "kunst"

InnleggSkrevet: 24 Feb 2009 11:18
Toril C Jones
Aww! Så fantastisk søt^^ Og eg syns du får det fantastisk bra til^^

Re: Lykketrollet og dets "kunst"

InnleggSkrevet: 28 Feb 2009 18:45
Janey I Johnson
Dankje^^

Ny avatar, by the way. *peike til høgre*
Orginal:
http://the-kid36.deviantart.com/art/Gir ... s-83596819


Edit:

Bilde
Ja, sort of random.
Orginal: http://img.thesun.co.uk/multimedia/arch ... 09219a.jpg

Re: Lykketrollet og dets "kunst"

InnleggSkrevet: 07 Mar 2009 03:07
Toril C Jones
Avataren din er kjempesøøøt :D
Og det bilete var driiittøft då^^

Re: Lykketrollet og dets "kunst"

InnleggSkrevet: 09 Mar 2009 18:22
Janey I Johnson
Yeah.

Eg skriv ei historie, men veit ikkje om eg får det heilt til. Handlar om Nora, som de får vite litt om no. Eg har ikkje komt så langt enda, men eg trur eg skal skrive meir. Men eg veit ikkje enda. XD


--

Nora stirra i spegelen på rommet sitt. Det var ikkje eitt pent syn. Ein stor blåveis ved det venstre auget var ein stor kontrast til den ellers så bleike huda hennar, håret hennar var bustete og begge augene var fulle av tårer, tårer ho ikkje torde å late renne. Ho var redd for at om ho fyrst starta kom ho aldri til å klare å slutte. Det hadde hendt for ikkje så lenge for. Ho hadde late tårene byrje å renne, og dei ville ikkje stoppe. Etter kvart hadde dei utvikla seg til høge hulk, og han hadde lagt merke til det.

Nora grøssa. Ho ville eigentleg ikkje tenke på det. Ho tok børsta, som låg på kommoden, og drog den gjennom håret hennar, ikkje fordi ho faktisk brydde seg om håret hennar, meir for å ha noko å gjere. Børsta lugga henne, men ho la ikkje merke til det, ho var for oppslukt av tankane sine. Om eg berre ikkje hadde vore så dum. Om eg berre hadde vore litt flinkare. Om berre...då kanskje han hadde vore glad i meg, som han seier han er.

«Vennen?» Nora trengde ikkje å snu seg for å vite at mor hennar stod i døropninga og såg på henne. Ho kunne sjå andletet hennar klart i hovudet sitt, ho visste korleis mor hennar oppførde seg etter ei sånn hending. Som om det ikkje var Nora sin feil i det heile. Som om det var nokon andre som fekk han til å oppføre seg slik. Men Nora visste at mor hennar tok feil. Det var Nora sin feil. Nora som aldri klarte å gjere dei enklaste ting. Nora som gjekk i vegen. Nora som var ei dårleg dotter.

Nora sukka; «Ja, mamma?» Nora høyrde mor hennar komme inn i rommet og gå mot der ho sat, men ho snudde seg framleis ikkje. Ho var eigentleg ikkje sikker på kvifor ho ikkje gjorde det, men det vart feil. Og ho ville ikkje vise mor si andletet hennar. Ho visste at ho kom til å ta på seg skulda for det som hendte. Sjølv om det heilt klart var Nora sin feil.

Nora kom heim frå skulen til same tid kvar dag, og i dag var ikkje noko unntak. Ho prøvde så godt ho kunne å vere ei god dotter, men det var aldri bra nok. Ho var aldri bra nok. Bilen hans stod allereie utanfor huset, noko som ikkje hendte så ofte. Ho gjekk inn, og visste at det kom til å vere ein dårleg dag. Ho hadde fått tilbake matematikkprøva i dag, og den gjekk ikkje så bra som ein kunne håpe. Så bra som han forventa.

Ho sette skoa forsiktig frå seg, og hengte jakka opp pent, før ho gjekk inn på kjøkkenet. Korleis skulle ho seie det? Å ikkje seie det var ikkje eitt alternativ.
Han hadde spurt om den prøva no i fleire dagar, og han visste alltid når ho laug. «Nora, har du fått att matematikkprøva di enda?» Nora såg i golvet, ho torde ikkje møte augene hans. Ho følte seg som ei pingle. No hadde ho skuffa han, men klarte ho å seie det? Nei, ho ville ikkje ha straffa som dei begge visste ho fortjente. «Ja, pappa.»