Veldig søt hund
Du kan prøve å gjere det mindre. Lagre det i 72ppi/dpi i staden for 300 (eller 240) som er det som ofte kjem utav kameraet. Det er ikkje noko vits i å laste opp gigantiske bilete på nett
Eller berre gjere det mindre i pixlar? Ting eg lastar opp på nett pleier eg å berre gjere om ti 72ppi og då er det omtrent den storleiken eg vil ha det. (I PS: Gå på image size og så endre på der det står pixels per inch eller noko. Det er boks nr. tre frå toppen)
Bilete i seg sjølv er greitt. Har du croppa det? For eg syns i alle fall at formatet var litt merkeleg, men det kan jo hende at du har eit litt anna format på kameraet ditt enn kva eg har
Om du har croppa det, ville eg ha tatt vekk endå meir på høgresida av bilete. Veldig synd at du ikkje fekk med heile øyret, men det er sånn som skjer (eg er meister i å kutte av folk føtter og sånn). Elles ville eg ha redigert det litt, lysna det opp litt og auka kontrastene. Du må hugse at når du tek bilete i raw, så er det meininga at du skal auke litt på kontrastar etc. Når du tek bilete i jpeg, så legg kamera på litt redigering sånn som det sjølv føler for, medan når du tek det i raw så kan du gjere alle endringane sjølv
Alle bileta eg tek tar seg en tur gjennom lightroom/camera raw og ein tur i photoshop, noko som er heilt vanleg
Ville forresten anbefalt deg å kjøpe anten ein 35mm f/1.8 eller 50mm f/1.8. Det gir deg mykje større blendaropning, mindre dybdeskarpheit og meir lys.
Men som Helle seier, veldig fint fokus på hovudet og spesielt på auga