Tusen takk for det
Modellen er meg og eg tenkte på at eg burde hatt på meg noko anna i ettertid då eg redigerte på bilete, men hadde ikkje moglegheita til å ta nye då (: Heldigvis så enda det opp greit på print, så det var eigentleg det som var det viktigaste.
Prøvde å jobbe med det veldig lyse til venstre på det andre alienation-bilete du snakkar om. Fekk det ikkje til og var ute fleire gongar for å prøve og få det til, men det gjekk ikkje. Burde sikkert ha prøvd ein annan location, men eg ville så gjerne ha med bylinja av Bergen frå hagen vår og det var einaste loactionen som passa seg. Og så var eg så lur å legge frå meg 18-125mm-objektivt mitt i Swansea og 50mm var litt for snevert (: Men det er det bilete i den seien eg er minst nøgd med og fekk mest kritikk på då vi hadde crit.
Det var komposisjonen som var grunnen til at eg sjølv likar det bilete av dama, men var usikker sida det var så uklart. Og når det kjem til at eg skulle hatt beina med, så er eg einig. Hadde diverre berre 50mm på objektivet og sida ho såg så rart på oss etterpå, så tenkte eg at det ville vere litt dumt å ta og bytte objektiv og så ta bilete endå ein gong av dama.
Takk for fine tilbakemeldingar og sånn (:
http://torilsa.deviantart.com/art/Isolation-372974908
Trudde eg hadde lagt ut dette, men nei. Det var det bilete eg sjølv var mest nøgd med når det kjem til personal project, som gjekk ut på isolation.