Daniella har rett. Det nederst til venstre er bra. Likar det, men du kunne gjerne prøvd å få litt meir med av "naturen" og litt mindre hus. Ideen til det bilete nede til høgre er god, men eg ville prøvd å velge eit anna utsnitt. Fått meir fokus på den blå tingen (litt usikker på kva det er) og mindre fokus på bakgrunnen. Fordi det støyar litt. Men likar ideen
Den er bra!
Dei to øvste bileta er litt kornete (spesielt det til høgre). For å vere ærleg, så skjønner eg heilt ikkje det med den boka. Det er ei... bok. Sikkert ei bra bok, men eg ville prøvd å gjere utsnittet og det litt meir spannande. Det same gjeld det til høgre. Der ville eg prøvd å gått nærmare bosspannet eller prøvd å plassere det litt meir ned i bilete. No er det så og sei midt i, og det er ikkje så alt for harmonisk. Og eg ville prøvd å sette meg ned for å få eit litt anna perspektiv.
Men ja, håper du ikkje tar deg nær av ting altså. For eg likar ideane dine. Du har gode idear og sånn, men du burde øve litt meir med utsnitta (: Eksperimentere litt der og ikkje alltid nødvendigvis ta med heile. Er ofte mykje gøyare og meir spannande å berre ta med deler enn berre eit slags oversiktsbilete av ein ting (: