Var artige desse eggbileta dine^^ Får, diverre, ikkje lasta det som sluttar på 56. Så eg likte eigentleg best det øverste av eggbileta. Einaste som skurrar litt er at egget ser glad ut. Ville det ikkje sett sjokka/overraska/redd ut om det var på veg til å bli "drept"? (: Men ein veldig god idé, det skal du ha
Likte også det bilete du tok på leirskulen. Veldig skjønn natur og fin rørsle i elva som er der. Men eg må nesten få komme med noko konstruktivt her òg, sorry. Fargane, då spesielt grønfargen, får det til å virke litt... Unaturleg, på eit vis. Og himmelen er nesten kvit, noko som vil sei at den er utbrent og det er ikkje så pent, med mindre det er bevisst
Det ser ut for meg at kvitbalansen er litt feil. Heh, ja. Det er eit veldig fint bilete (: Motivet er veldig flott og det same vil eg sei om komposisjonen. Alt i alt eit veldig fint bilete (: